Seglem trio: Kunstbar + konsert

KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer Programmet i Kabuso er todelt denne kvelden: Kl 19:Kunstbar med dei tre musikarane Kl 20.30:Konsert med Seglem...
This activity is completed or marked as expired
22.Apr
2021
7:00pm

Details

KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer

Programmet i Kabuso er todelt denne kvelden: Kl 19:Kunstbar med dei tre musikarane Kl 20.30:Konsert med Seglem trio

Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehornblåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han har gjeve ut over 30 plater, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike besetningar. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket til Vossa Jazz.

No kjem han att med nytt band saman med felespelar Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar og soloartist, og Kåre Opheim, kjend frå mellom anna Real Ones.

Kunstbaren blir denne gongen eit slags vorspiel der Seglem fortel om sitt virke: Om hardingfelemusikken som kjelde og inspirasjon - og om samarbeidet med Håkon Høgemo. Tema blir tradisjon, nytenking og sjangerbryting: Korleis utviklar hybridmusikken musikken?

Etter ein pause er det så klart for å oppleva trioen live i konsertsalen.

Få med deg ei unik oppleving - i Kabuso torsdag 22. april!

Billettar: Vel mellom kombipakke med Kunstbar, valfri drikke og konsert (kr 400,-)

  • eller kun konsertbillett (kr 250,-)

Practical

Enjoy code: 771722
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.