SAU - film og førprat

Sau handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifte til neste generasjon, frå far til dotter. Filmen er eit varmt og nært portrett av ein familie. Den handlar om tradisjon og overlevering av...
This activity is completed or marked as expired
04.apr
-
kl 18:00

Details

Sau handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifte til neste generasjon, frå far til dotter. Filmen er eit varmt og nært portrett av ein familie. Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finne sin eigen veg i nokon andre sine fotspor. Og den handlar om sau!

Før framsyninga inviterar Lærdal bibliotek, Lærdal Sau og geit, Lærdal kino og Rom for ord til førprat med regissør Rebekka Nystabakk og forfattar Anna Blix.

Rebekka er utdanna skodespelar og vaks opp på garden Nystabakken i Nordland. Menneska me møter i filmen er hennar familie. Anna er biolog, forfattar og politisk rådgjevar. I 2018 gav ho ut boka «En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet». Ho er oppteken av å forstå og formidle samanhengane i naturen, til dømes korleis beitedyra påverkar både landskapet, klimaet og det biologiske mangfaldet i fjella og dalane våre slik me kjenner dei

Sjanger: Dokumentar Aldersgrense: 9 år Lengde: 1 t. 23 min + førprat Kr. 80/120,-

Practical

Enjoy code: 792914
Type
Cinema
Target groups
Adult, Elderly, Youth, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links