star
star
star
star
star

Sagevik - Jagedal - Grønevik - Kvalsvik / Kalsvik

Dette er ein tur for deg som liker utfordringen å fine fram etter gamle tråkk. Du kan parkere ved oppdrettsanlegget eller køyre opp bakken før oppdretsanlegget til venstre der det er...

Practical

Enjoy code: 430873
Eikefjord på Fv 542 og vidare Fv 543 til Sagevik
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult
Duration
30 minutes
Distance
8.7 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein tur for deg som liker utfordringen å fine fram etter gamle tråkk.

Du kan parkere ved oppdrettsanlegget eller køyre opp bakken før oppdretsanlegget til venstre der det er parkeringsplass. Gå tilbake til Sagevik, ca 200m. Du tek av frå vegen ved det kvite huset, opp skogsvegen og forbi to hytter.

Frå Sagevik går du nordvestover langs søkket, hald litt avstand til vatnet, til yste enden av Jagedalsvatnet til Sandvikbotn. Her kan du gå til Sandvika og du vil då sjå mykje gamal barlind. Du fortset turen rett nordaust over. Det er også mykje flott eikeskog i dette området. Det kan være litt vanskeleg å sjå tydelig sti, men hald litt opp frå vatnet. Du er snart framme i Jagedalen. Før du kjem til Jagedal ligg det nokre store rotvelt - gå i øvre kant, du kan skimte stien mellom dei. Her er det eit idyllisk nedlagt gardsbruk der det er fint å ta pause før turen går vidare til Ospedalen og Grønevik eller du går tilbake til Sagevik.

Det er tydleg sti rett nordover til Ospedalen. Gå litt oppover til du kjem opp på kanten, vidare over Ospedalsmyra og ned i Ospedalen der det er eit nedlagt gardsbruk. Her i frå går du vidare på gamal kjerreveg til Grønevik, ein idyllisk skogstur. Dette var i tidlegare tider den gamle skulevegn frå Grønevik til skulen i Barlindbotn. Om vinter då det var trygg is gjekk dei over Jagedalsvatnet og elles rodde dei over. Dei to bruka i Grønevik vart fråflytta i 1952 og 1987 og vert i dag brukt som fritidsbustad. Grønevik ligg vis a vis Hatleset på andre sida av fjorden og du kan sjå husa og sjøbua godt frå Rv 5 på Hatleset. Du kan no gå vidare opp frå Grønevik på delvis varda sti til Kvalsvik/Kalsvik. På vegen frå Grønevika kan du ta turen via Kletten. Ta av ved skiltet til "Aldersheimen" ved varden.

Stien er teikna - den viser nokolunde kor tråkket er Les rutebeskrivelser

Kvalsvik / Kalsvik ligg ca 2,5 km frå Sagevik.