star
star
star
star
star

Ryssdalen - Ryssdalshornet (1201 moh) i Gloppen Kommune

Dette er ein av dei mest populære toppturane i kommunen. På toppen er der kjempefin utsikt over Gloppen både til Sandane og Breim. Ruta følgjer fyrst den bratte traktorvegen opp til...

Practical

Enjoy code: 947786
Frå Sandane køyrer du opp på E39 mot Byrkjelo.Ta av til høgre frå E39 mot Kandal og deretter mot Ryssdal.

Etter ein har kryssa elva tek ein første veg til venstre, der er det skilta til parkeringsplass.

Ikkje bompengar.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
10 minutes
Distance
3.6 km
Difficulty level
Export
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein av dei mest populære toppturane i kommunen.

På toppen er der kjempefin utsikt over Gloppen både til Sandane og Breim.

Ruta følgjer fyrst den bratte traktorvegen opp til Ryssdalsstøylen. Rett etter støylen er der skilta til drikkevatn, her er siste plass å fylle opp flasker.

Frå støylen er det eit skilt som viser vegen til toppen. Råsa går i nordaustleg retning opp ei bratt li. No er der stål-trapper i eit parti. (Trappene kan vere utfordrande for hundar)

Etter kvart kjem ein opp på ryggen og følgjer denne søraustover mot toppen.

Ryssdalshornet har på ein måte to toppar, og det er den lågaste (1160moh) som er merka. Er ein først komen opp kan ein også ta med seg høgste toppen på 1201moh.

Turen startar på ca 100 moh, så det er ein bratt, men fin tur.

Turen tar ca 4 timar t/r,.