star
star
star
star
star

Rundtur via Sauafjellet

Toppen kan nås via fleire ruter, frå Sekkingstad/Eide, Kårtveit eller Fjæreide. Denne beskrivelsen tar for seg rundtur frå NAF øvingsbane på Eide via Fjæreide og tilbake. Følg sti mot aust. Denne...

Practical

Enjoy code: 213290
Kjør til NAF øvingsbane, Eide, FV210. Parkér langs riksvegen. Stien byrjar ved Bane 3, NAF øvingsbane (følg skilt). Ikkje gå inne på anlegget i opningstida! (Det er også mogleg å byrje ved Skjenevatnet og krysse nord/austover til stien.)
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Elderly
Duration
30 minutes
Distance
5.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Toppen kan nås via fleire ruter, frå Sekkingstad/Eide, Kårtveit eller Fjæreide. Denne beskrivelsen tar for seg rundtur frå NAF øvingsbane på Eide via Fjæreide og tilbake.

Følg sti mot aust. Denne stien endar opp på Nordsjøløypa mellom Fjæreide og Apalvågen, men sti til Sauafjellet tar av mot nord før du kjem så langt. Etter å ha passert eit lite vatn på venstre side av stien, sjå etter avstikkar mot nord! Stien mot nord kan vere litt vanskeleg å sjå, men er markert med ein liten varde.

Følg så stien mot nord/aust. Målet er synleg det meste av vegen. Mot slutten er det bratt stigning mot første toppen, her kan du få opp pulsen!

På toppen er det fin utsikt til store deler av Sotra vest og nord.

Rundturen går så vidare til nabo-toppen, der den store varden står. Følg sti merka med raude prikkar ned til Fjæreide. Her blir det eit kort stykke på asfalt, gå forbi bommen opp til vassverket og følg skilta Nordsjøløype sørover langs Fjæreidevatnet. Når Nordsjøløypa krysser ei elv ca halvvegs langs vatnet, sjå etter sti som tar av mot vest (ikkje kryss elva). Følgjer du denne er du inne på stien du starta på, og kjem etter kvart tilbake til NAF øvingsbane.