star
star
star
star
star

Rundtur til Nonshaugen: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Merka, barnevennleg tur i Lom kommune, med oppstart frå sentrum (Fossbergom).

Photos

Practical

Enjoy code: 436084
Lom sentrum (Fossbergom). Det er fint å parkere bilen mellom Fossberg og Fossheim ein stad, og svinge opp ved Kuba. Du kan t.d. parkere bilen på den store parkeringsplassen ved Coop Ottadalen, eller ved Sport1 Lomseggen.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
3 hours
Distance
6.1 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Merka, barnevennleg tur i Lom kommune. Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15.

Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet.

Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stikrysset.

Det går til dels bratt oppover, men stien er fin å gå på. I neste stikryss tek du til venstre mot Nonshaug. Her kjem du etterkvart til eit fint utsiktspunkt der du får eit fugleperspektiv over nasjonalparklandsbyen Lom.

Her kan du fortsette til stien går nedover att og gå attende til utgangspunktet, anten langs stig eller langs fortauget v/ Rv15.

Ver klar over at stigen kan vere isete på vinterstid.