star
star
star
star
star

Rundtur Skorset, Evanger Hordaland

Køyrer opp eit stykke på annleggsvegen mot Styveshorgi, vel ein av stiane på oppsida av vegen mot Mugåsstølane og Skorset. Me gjekk opp den som ligg lengst oppe i annleggsvegen, men kom ned att den...
Photo: Siv Anita Jønsson

Photos

Practical

Enjoy code: 669442
Annleggsvegen som går mot Styveshorgi etter garden Elje.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
4 hours
Distance
6.3 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Køyrer opp eit stykke på annleggsvegen mot Styveshorgi, vel ein av stiane på oppsida av vegen mot Mugåsstølane og Skorset. Me gjekk opp den som ligg lengst oppe i annleggsvegen, men kom ned att den som er lengst nede i annleggsvegen og spaserte opp for å hente bilen. Tek ca 30 min opp til Mugåsstølen, gjekk opp på toppen som ligg sørvest for å ta ein utsiktspause. Gjekk så ned til stølane, over elva og vidare mot Skorset på vestsida av elva. Neste pause var ved Skorsetvatnet, tek ca 1 time frå Mugåsstølen. Gjekk så vidare opp på austsida av vatnet og kom opp på Rundehaugen, på vestsida av Vatnet ser ein bort på Varden ved Styveshorgi, mot sør ser ein Mykkeltveitveten. Gjekk så ned på Geitafjellet og hadde ein pause med flott utsikt både mot Voss og Bolstad, Nakka, Mykkeltveit, Elje, Skjerveggen m.m. Vidare gjekk me ned mot Storehaugen og Flatafjellet for å finne ein sti som tok oss tilbake til Mugåsstølen. Det viste seg å vere ein tøffare tur ned enn beregna, det var vanskelg å finna stien, og mykje kratt. Kom til slutt ned til Elva som går forbi Mugåsstølen, og valde å slå fylgje med kjentfolk ned stien til annleggsvegen langs elva.