star
star
star
star
star

Rundtur: Mebusætra - Varden - Hovsnakken

Turen begynner i Midtbustgardane. Ein følgjer først ein skogsveg som går oppover mot eit skogshogstfelt. Ca midt i dette feltet så går råsa oppover mot Mebustsætra. Når ein først har funne denne råsa...

Practical

Enjoy code: 386436
Køyr til Stordal og parker ved Rosekyrkja (den kvite kyrkja lengst framme i dalen). Gå opp i Midtbustgardane her i frå.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen, Barn, Senior
Duration
3 hours
Distance
8.3 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.middels
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen begynner i Midtbustgardane. Ein følgjer først ein skogsveg som går oppover mot eit skogshogstfelt. Ca midt i dette feltet så går råsa oppover mot Mebustsætra. Når ein først har funne denne råsa er den lett å følgje opp. Stigninga er ganske bratt opp til steinbrua som går over elva.

Frå Mebustsætra går råsa vidare bakover og bak Omnene og opp til Midtbustegga, der ein kan speide ned på Dyrkornvatnet. Råsa går vidare her i frå opp over ryggen mot Varden.

Frå Varden har ein fin utsikt ned mot Stordal og både innover og utover Storfjorden. Råsa går nedover mot høgre eit godt stykke før den svingar til venstre inn mot sætra på Hovsnakken.

Råsa ned frå Hovsnakken er ganske bratt, men lett å følgje. I skogen kan ein velge om ein vil gå ned til Hovslia eller til Vinjehjellane. Dersom ein har parkert ved Rosekyrkja, så kan det vere greit å gå ned i Vinjehjellane og så følge bilvegen ned til Rosekyrkja igjen.