star
star
star
star
star

Rundtur i Mykingskogen

Denne turen kan ein starte bl.a frå Myking, Skauge og Hodneland. Løypa som er lagt inn her, startar frå Lauvålen (parkeringsplass mellom Myking og Nævdalskrysset). Ein føl då sti herifrå, og ned...
Photo: Jan-Morten Eikemo

Photos

Practical

Enjoy code: 399983
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
5 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Denne turen kan ein starte bl.a frå Myking, Skauge og Hodneland. Løypa som er lagt inn her, startar frå Lauvålen (parkeringsplass mellom Myking og Nævdalskrysset). Ein føl då sti herifrå, og ned til gamlevegen i Mykingskogen. Der finn du rastebenk og postkasse med turbok og tang til turkort. Vidare føl ein skogsvegen til venstre, til du finn eit skilt mot Stokkhølen til høgre. Føl merka sti herifrå, til du kjem over Terjebrua (sjå bilete). Etter brua kjem du opp i eit kryss: Vegen til venstre går mot Stokkhølen (til rastebenk og tang til turkort) og merka sti vidare til Hodneland. Vegen rett fram er stien som er merka på kartet her, ein rundtur som tek deg tilbake til skogsvegen. På denne sløyfa finn ein og eit skilt der vegen går ned til Hodnekvam. Turen er lett å gå, og tek ca. 1,5 til 2 timer.

Turkort er å få kjøpa på Nærbutikken på Myking.

God tur!