star
star
star
star
star

Rundtur frå Gjesdalen via Finneskotet til høgdene ved Antonstjørna

Segnet om Finneskotholten i Holsen: Midt i dalen reiser det høge Drøsingfjellet seg i syd. Fjellet er majestetisk, men er ein kjedeleg solskuggar for folk i dalen. Folket visste godt at baronen...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 750774
Køyr av E39 på Vassenden, og køyr opp til øverste gardane i Gjesdalen. Køyr skogsveg (40 kr i bom) til endes. Turstart frå parkeringsplassen på Trinta.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
4 hours
Distance
9.6 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Segnet om Finneskotholten i Holsen: Midt i dalen reiser det høge Drøsingfjellet seg i syd. Fjellet er majestetisk, men er ein kjedeleg solskuggar for folk i dalen. Folket visste godt at baronen Audun Hugleikson Hestakorn (1240-1302) hadde trolldomskunnige finnar i hirda si. Folket tinga Audun og finnane hans til å rette på derre berget. Audun sat at dersom kvar gardmann i bygda kunne svara ei kyr, kunen det nok verte råd med sol-problemet. På ein fastsett dag møtte alle Holsingane opp på fjellet med kvar si kyr, så nær som bonden Viskedal. Han tykte han hadde sol nok. Drøsingfjellet var ikkje noko problem for dei. Då vart eine finnen i Auduns hird sint og sa:"Rettlause skal folket i Viskedal vere frå i dag!" For å vise sin dugleik skaut tre av finnane kvart sitt skot mot Drøsingfjellet. Etter desse skota syner det tre revner i fjelletr. Den finnen som sto på Finneskotholten traff best med pila. Og frå denne hendinga kjem namnet Finneskotvegen, Finneskotstøylen og Finneskotholten. Desse namna er i bruk i dag. I heile landet er det berre eit slikt stadnamn til. (Kapstad, 2000, s 120)

Det er mange segner om baronen Audun Hugleikson Hestakorn, og du kan lese meir om baronen i lenka som ligg ved turskildringa. Segnet ovanfor fortel ein versjon av korleis Finneskotet fekk namnet sitt. Det finnes også andre segner som fortel om andre årsaker til dette spesielle stadnamnet. Vi har freista å lage ein fin rundtur i i relatitvt lett og fint turterreng der du får oppleve dette litt ekstra segnomsuste området i Jølster.

Turen startar frå Trinta i Gjesdalen, og held fram over myrane mot Finneskotgrova. Elvefaret følgjer du vidare i skaret som går frå Gjesdalen til Holsen. Det er eit naturskjønt område å gå i heile vegen langs elva som buktar seg fint gjennom skaret. Der GPS-sporet endar i denne retninga ser du ned på støylen i Finneskotet. Du kan velge å gå vidare ned til Finneskotstøylen før du held fram på turen. Å gå til dette punktet er ein fin tur i seg sjølv, og du kan velje å ta returen attende same veg gjennom skaret utan å starte på dei brattaste motabakkane.

I dette GPS-sporet gikk vi mot aust rett ved støylen, og tok oss opp fjellsida til vi kom opp på høgdedraget. Her gikk vi nordover i lett kupert fjellandskap, og fekk flott utsikt mot Kvamshestane og Blægja i vest. Vi følgde fin rygg ned att mot Gjesdalen igjen, og hadde god skue mot Kvitefjellet, Gjesdalsvatnet og heile den opne og fine Gjesdalen.

Vi har spora turen ved å freiste å følgje ei tidlegare merka fjelltrimrute. Tidvis var det vanskeleg å finne stien inn over myrane og vidare inn langs Finneskotgrova. Det var spesielt vanskeleg å finne merke og sti på veg mot Finneskotet. Opp fjellsida, og over høgda og ryggen, gikk vi utan sti. Vel nede att i Gjesdalen var det lettare å finne stien og følgje denne attende til parkeringa. I utgangspunktet er dette med å måtte finne ein sti ikkje eit stort problem i dette området. Det er lelativt lite vegitasjon og lett å gå inn myrane i Gjesdalen og langs grova.

To turips til å utvikle denne turen (sjå lenker):

  1. Du kan starte turen til nabofjellet Stølverlifjellet ved å følgje denne ruta inn til skaret. Kryss elva og følg sporet slik skildra under turen til Stølverlifjellet vidare.

  2. I området rundt Antontjørna kan du velge å gå vidare mot aust til Nova og følgje ruta ned att via Skardgrovbotnen.