star
star
star
star
star

Rullestad-Ramnanuten-Vaulo-Langfoss

Frå Halvfjordingen går ein søaus på gangsti til enden på Rullestadvatnet. Her går ein under E-134. og tar straks av grusveien og inn på sti ved innhegning. Stien går ut på berg slik at ein ser ned...
Photo: Magne Berge

Photos

Practical

Enjoy code: 701147
Ein kjører med bil langs E-134 til Rullestadvatnet, der ein kan parkere ved Halvfjordingen, Eller om ein vil starte frå Langfoss kan ein parkere ved fossen. Merk at start- og sluttpunkt ikkje er på same stad, så det kan vera greitt med fleire bilar. Ellers kan ein nytta buss mellom start- og sluttpunkt.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Elderly, Adult, Kids
Duration
5 hours
Distance
13.1 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frå Halvfjordingen går ein søaus på gangsti til enden på Rullestadvatnet. Her går ein under E-134. og tar straks av grusveien og inn på sti ved innhegning. Stien går ut på berg slik at ein ser ned mot Flota. Stien er lett å følgja opp til Løyningsstølen. Stien fortset langs Løyningsbekken til Saltedalen, men me tek av stien ved ei myr på 650 høgdemeter og går mot Ramnanuten som me har på venstre side. Dei siste 100 høgdemeterane er noko bratte. Sjølve nuten er relativt flat, og går ein litt rundt ser ein ned mot Rullestadvatnet i nordaust, Folgefonna i nordvest og Langfoss i sørvest. Ein ser og over til bygda Eikemo på nordsida av Åkrafjorden.

Frå Ramnanuten går me i retning søraust i retning Saltedalen. og kjem inn på stien igjen like etter eit lite vatn. Herifrå følger me stien forbi Fjærastølen. Herifrå er stien merka med vardar opp til t-merka stien mellom Simlebu og Sandvass. Me følgjer t-merka stien til me kjem til Vaulo, men ein kan naturlegvis i staden gå til Simlebu og vidare ned igjen til Rullestad. Ved Vaulo tar me av ved stidele i retning Langfoss, og følgjer t-merka sti ned Langfossdalen til Langfosstølen. Partiet frå Langfosstølen ned til E-134 er bratt.

Halvegs nede kan ein ta ein avstikkar ut mot fossen til eit utsiktspunkt.