Rasismens hjarte

I USA blir slavetida og dei rasistiske Jim Crow-lovene – totalt 250 år med brutal diskriminering – av mange sett på primært som afroamerikansk historie, og ikkje som ein del av kvit historie. Har...
This activity is completed or marked as expired
13.Feb
2021
7:45pm

Details

I USA blir slavetida og dei rasistiske Jim Crow-lovene – totalt 250 år med brutal diskriminering – av mange sett på primært som afroamerikansk historie, og ikkje som ein del av kvit historie. Har framveksten av Black Lives Matter (BLM) samanheng med at denne historia aldri har blitt behandla som eit nasjonalt traume? Kan BLM endre USA? Og korleis kjem spørsmåla som BLM bringer til torgs til uttrykk i litteraturen i dag?

Ein som har engasjert seg i kampen mot rasismen og som forsvarer av BLM, er den amerikanske ungdomsbokforfattaren Jason Reynolds. Bøkene hans, som sel i millionar, handlar om kvardagen til unge, svarte amerikanarar, og skildrar politivald og drap. Reynolds skriv rap-inspirerte bøker og vil få gutar til å lese. Han ønskjer òg å gi dei svarte, litterære førebilete. Kan litteraturen endre USA? Jason Reynolds snakkar med Nazneen Khan-Østrem om rasismens gift og kvifor han meiner Black Lives Matter er viktig.

Practical

Enjoy code: 788647
Type
Festival
Target groups
Elderly, Kids, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links