Pusterom

«Eg kunne fly til New York og tilbake igjen kvar dag i sju år og produsere mindre CO2 enn om eg hadde fått ein unge», seier ho plutseleg. «Ti tusen tonn CO2. Det er same vekta som Eiffel-tårnet...
27.Sep
-
7:00pm

Details

«Eg kunne fly til New York og tilbake igjen kvar dag i sju år og produsere mindre CO2 enn om eg hadde fått ein unge», seier ho plutseleg. «Ti tusen tonn CO2. Det er same vekta som Eiffel-tårnet har. Eg ville født eit Eiffel-tårn.»

Kjærasteparet klamrar seg til kvarandre i ei verd som prøver å rive dei sunde. Dei set ord på kor utfordrande det kan vere å halde fast i eit anna menneske eit heilt liv. Kjem dei til å etterlate seg ein levande klode, skal dei få barn i ei verd som brenn opp?

Frå dette startpunktet følgjer vi dei gjennom eit heilt liv. I ein serie scener er alt strippa ned, heilt inn på forholdet mellom dei to, og vi får ta del i små og store val som påverkar både dei sjølve og alt rundt.

Med Pusterom av den britiske dramatikaren Duncan Macmillan byr Teater Vestland på ei moderne kjærleikshistorie og eit rom for tankar mange av oss går rundt og balar med. Dramatikaren har sjølv beskrive stykket som ei blanding av stand up, dans og ein brytekamp, og i dette spennet oppstår det både nye innfallsvinklar og eit håp om at vala våre faktisk betyr noko.

Practical

Enjoy code: 122707
Type
Scene
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
Eventim
External information

Sponsored links

Available tickets

Friday
27/09 2024 7:00pm
Breimshallen Breimsvegen 1341
Provided by Eventim