Poetisk punk-galla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Sju poetar og to musikarar møtest denne kvelden i ei lyrisk...
This activity is completed or marked as expired
13.Feb
2021
9:15pm

Details

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Sju poetar og to musikarar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth.

Vi har med oss diktdebutanten som fekk mest merksemd i året som gjekk, Karoline Brændjord med boka Jeg vil våkne til verden. Frå Sápmi kjem Tromsø-busette Mary Ailioneida Sombán Mary, aktuell med diktsamlinga Leve blant reptiler. Andre på scenen er Iranske Fatemeh Ekhtesari som bur på Lillehammer og som i 2020 kom ut diktsamlinga Vi overlever ikke, Pedro Carmona-Alvarez, chilensk bergenser, som gav ut Inventarium, og Henning Bergsvåg som kom med diktboka Dette er ikke et stille sted. Steinar Opstad og Øivind Håneser med i eit prosjekt med poetar frå ei rekke land. Dei vil framføre omsette dikt av den fengsla kurdiske poeten Ilhan Çomak. Opstad vil òg lese frå eigen lyrikk. Musikarane Sara Marielle Beaska Gaup og Hamid Sakhizada vil gi sine lyriske bidrag i form av samisk joik og afghansk musikk.

Practical

Enjoy code: 849871
Type
Festival
Target groups
Elderly, Adult, Kids, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links