Paal-Helge Haugen, Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg. Diktardag og konsert

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar Paal-Helge Haugen med Diktartavla 2021. Ein av dei viktigaste lyriske forfattarskapane våre blir del av den flotte Diktarstien i museumstunet på Utne...
This activity is completed or marked as expired
12.Jun
2021
3:00pm

Details

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar Paal-Helge Haugen med Diktartavla 2021. Ein av dei viktigaste lyriske forfattarskapane våre blir del av den flotte Diktarstien i museumstunet på Utne når Haugen får prisen 12. juni. Gjennom ein lang forfattarskap har Haugen markert seg som ein av dei fremste lyrikarane våre med ein svært rik tekstproduksjon, både i mengd og i breidd. Frå debuten i 1965 har diktinga hans vore i kontinuerleg dialog med tekstar frå andre kulturar og andre tider. Haugen har publisert gjendiktingar, skrive tekstar til musikk og til dramatisk framføring, laga dikt til biletkunst og skrive dikt knytt til bibeltekstar.

Under markeringa, som finn stad på Hardanger folkemuseum på Utne, skal prisvinnaren avduka diktartavla og samtala om diktinga si med forfattar og kritikar Tom Egil Hverven. Det blir også konsert med folkemusikar Kirsten Bråten Berg, som har med seg Daniel Sandén-Warg på hardingfele.

Diktarstien på Hardanger folkemuseum Diktarstien er ein vakker hellegang med 30 diktaravler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum. Haugen går inn i rekkja av markante poetar som har fått Diktartavla, mellom andre Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.

Practical

Enjoy code: 956638
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.