Øygarden Øl og Cider festival / Torsvikhuset

Torsvikhuset Event og Lokalbrygg.no arrangerer drikkefestival på Torsvikhuset i Øygarden. Arrangementet passer for alle med interesse for øl. Det blir også mulig å teste vin og cider fra spennende...
This activity is completed or marked as expired
10.Jun
2023
1:00pm

Practical

Enjoy code: 612624
Type
Food and drink
Target groups
Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Torsvikhuset Event og Lokalbrygg.no arrangerer drikkefestival på Torsvikhuset i Øygarden. Arrangementet passer for alle med interesse for øl. Det blir også mulig å teste vin og cider fra spennende produsenter. Samt at Øybaren holdes åpen hele dagen. Godt utvalg av glutenfrie produkter og alkoholfrie alternativer.

Det blir mulighet for å kjøpe fingermat gjennom dagen og en felles middag fra kl.18.00 for de som ønsker det.

Bryggeriene som kommer blir:

Vi avslutter dagen med åpent hus frem til kl 02.00, og vi kan friste med god musikk og god stemning i lokalene denne kvelden.

Band for kvelden:

Red Jackets m/Marlen Kleppevik

RED JACKETS "Red Jackets" vart starta av Bjørn Breilid og Gunnar Bergstrøm som eit prosjekt for å spele countrymusikken til Johannes Kleppevik som tidlegare var utgjeve på vinyl i 1971 (End of October) og i 1975 (A little bit of Heaven). I tillegg var målet også å finne demoinnspelingar, øvingsopptak o.l. og få ukjende songar fram i lyset.

I bandet i dag finn vi Gunnar Bergstrøm (trommer), Bjørn Breilid (el.gitar), Harald Dyb (steelgitar, trekkspel, munnspel), Øyvind Boska (bass, vokal), Arne Rønnestad (ak. gitar, vokal), Bjørn-Tore Henriksen (munnspel, vokal) og det nyaste medlemet, Marlen Kleppevik, yngstedotter til Johannes Kleppevik.

Johannes Kleppevik vert av mange rekna som ein av dei fremste c&w-komponistane i Norge, men musikken hans er i dag ukjend for dei aller fleste. "Red Jackets" vil gjere noko med det, og presenterer eit program med heilt "ny" c&w av høg kvalitet! I tillegg sveipar vi innom eindel av dei kjende songane frå soloplatene hans, og vi fortel små historiar om musikken og om livet til Johannes Kleppevik.

Det er berre å glede seg!

Litt Fun Facts om Red Jackets; Navnet "Red Jackets" er henta frå songtittelen "Red Jacket Man". Harald Dyb spelte saman med Johannes Kleppevik frå 1969/1970, fyrst i "Clive Scott & The Skywegians", deretter som musikar og studioteknikar. Han spelte på dei to fyrste albuma med Johannes' musikk, "End of October" (1971) og "A little bit of Heaven" (1975), vidare på dei fire fyrste soloplatene til Johannes (Tramp og Trall 1977, Tramp og Trall II 1980, North Atlantic Ocean 1984 og Langs kysten 1997). Denne siste vart spelt inn i studioet til Harald Dyb. Han var med på fleire turar til USA og dei hadde haugevis med duo og triojobbar saman. Harald har også spelt med det aller meste av c&w- og rootsmiljøet i Bergen.

Gunnar Bergstrøm er mest kjend som originalmedlem i "Flying Norwegians", dei vart hyra inn som komp på "A little bit of Heaven". Gunnar spelte også på "Tramp og Trall" og på den siste produksjonen Johannes gjorde; "Motorbåt og ein laurdagsdans" i 1999. Ellers har Gunnar Bergstrøm spelt med det som kan krype og gå i Bergen og omegn, han må være den mest rutinerte trommeslagaren i mils omkrets, og han kan sin Kleppevik (det er det ikkje mange trommeslagarar som kan)!

Bjørn Breilid tok til å spele live medan han budde på Sandane, han flytta til Bergen i 1970 og held fram med speling både i grupper og som freelance gitarist og bassist. Samarbeidet med Johannes Kleppevik tok til våren 1977, og Bjørn Breilid er den einaste musikaren som har spelt på alle fem soloplatene til Johannes. I tillegg var han sekretær for Johannes frå 1982 fram til 2000, var i USA på tur i 1983, dei har gjort konsertar, radio- og fjernsynsopptak saman med Harald Dyb og han var med i arbeidet på boka med ein del av songane til Johannes Kleppevik som kom ut i 2012. Johannes Kleppevik døydde 3. februar 2001, berre 53 år gammal.

Suksessen med "Tramp ogTrall" og kystkultur gjorde at countrymusikken kom heilt i bakgrunnen. Siste gongen han besøkte Bjørn Breilid, i 2000, hadde han med utkast til ny CD, han ville tilbake til røttene sine, tilbake til countrymusikken han voks opp med på Sotra, spele inn att ein del av songane frå dei tidlige platene der han ikkje song ein tone sjølv, og han hadde med nokre nye titlar. Diverre gjekk det ikkje slik, kroppen hadde fått nok og omtrent på dagen eit år seinare var det slutt. Hadde han fått levd vidare og fått spelt, ser de bandet hans her! Det er ikkje ofte ein finn eit tributeband med så mykje kompetanse om både musikken og komponisten som i "Red Jackets". Dei kan så avgjort sin Kleppevik!

Velkommen til oss :)

Maps