Opplev Mjøsvågen og Hosanger på Osterøy tirsdag 23/8-22

På tysdagane 23/8 august kan du bli med på ei historisk vandring/ guida tur, med lunsj - i Mjøsvågen – Hosanger på Osterøy. Turen går gjennom attåtnæringar, industri- og kulturhistorie, opplev...
This activity is completed or marked as expired
23.Aug
2022
12:00pm

Practical

Enjoy code: 460298
Type
Attraction
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

På tysdagane 23/8 august kan du bli med på ei historisk vandring/ guida tur, med lunsj - i Mjøsvågen – Hosanger på Osterøy.

Turen går gjennom attåtnæringar, industri- og kulturhistorie, opplev kunst-utstillingar og kanskje ein tur i kunstbadstova.

Me startar på Norlender Knitwear – ein historisk trikotasjefabrikk frå 1927, deretter langs Mjøsvågen og dei verna sjøhusa der, med blant anna kisteverkstad, smie, og ein Treskoverkstad med autentiske maskiner frå 1924 som framleis produserer tresko. Vidare går turen til Den Grøne Fabrikken,eit verkstadbygg frå 1935, der det er kunstutstillingar vintage og galleributikk. Blant anna kan ein tinga seg ein time i Kunstbadstova Flabellina.

Me rundar av opplevinga med ein god lunsj på Mjøsvågen Landhandleri., som består av italiensk pizza.

Ei Historisk vandring med lunsj tek om lag 3 timar – frå kl. 12.00 til 15.00 og kostar kr. 600.-. Max 20 personar – minimum 4 personar. Dersom ein ynskjer å tinga eit opphald i Kunstbadstova Flabellina kjem kostnaden der utanom.

Det går rutebuss frå Bergen til Hosanger – Bussnr. 210 frå Perong K- kl. 10.12 med retur kl. 15.13, eller evt. kl. 16.07 som kan kombinerast med ein time i Flabellina eller ein tur i Kossdalen.

For meir info sjå: Oppleving | Visit Osterøy (visitosteroy.no)

www.norlender.no https://www.facebook.com/dengronefabrikken/

https://flabellina.no/Vener av Mjøsvågen (veneravmjosvagen.one)

Mjøsvågen Landhandleri AS | Facebook

Maps