star
star
star
star
star

Opplev levande stølsliv

Stien til Midtbøstølen er godt merka. Den er god å gå, sjølv om det er litt bratt opp Brekka. Med barn i følgjet bør du rekne med 1 time til stølen. Men bær langs stien gjer turen lett også for dei...

Practical

Enjoy code: 854175
Midtbø ligg i Solheimsdalen, og nås lettast fra Florø ved å følgje riksveg 5 til Grov, og deretter fylkesveg 614 til Straumsneset. Herfra følgj fylkesveg 544 forbi Solheimsvatnet til Midtbø.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Kids, Adult
Duration
3 hours
Distance
1.3 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Stien til Midtbøstølen er godt merka. Den er god å gå, sjølv om det er litt bratt opp Brekka. Med barn i følgjet bør du rekne med 1 time til stølen. Men bær langs stien gjer turen lett også for dei små. Frå eit godt tilrettelagt gammalt kvile, der stølsjentene og andre farande gjennom generasjonar har sett seg ned og kvilt både kropp og sjel, er det flott utsyn over Norddalsfjordbygda. Er du ifølgje med kjentfolk, får du fortalt ei spennande soge om Bjønnagrava på vegen opp. Det går an å spekulere i kva namnet Purkehola kjem av.

Flora turlag, seinare Barnas Turlag, har i 15 år hatt samarbeid med hjelparar i Norddalsfjord om tur til Midtbøstølen. Her har det då vore aktivitetar som slåing, hesjing, høybering, skaving m.m. Ei «gammal» trehes får deltakarane vere med og binde opp og seinare fylle med gras. For ungane, ja vaksne med, er det spennande å leike i den fine elva som renn stille forbi. Kanskje var det den gamle steinbrua trollet låg under i si tid? Og ei miniutstilling av gamle stølsreiskapar høyrer og med her på stølen.

Stølen ligg på ca 300 meter over havet. Sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. På dagar med mykje folk minner bergknausen om eit fugleberg. I dag er det 7 sel på stølen. På det meste var det 9. Frå stølen er det utsikt til turmål som dei 1000 meter høge nipene, Midtbønipa og Blånipa i sør. Sameleis til Lassenipa og Ålfotbreen i nord. Det er no meir enn 50 år sidan det var aktivt stølsliv her, med dyr, budeier – og friarar om laurdagskveldane. Men ofte er det folksamt her, og er du heldig, kan du møte beitande sauer og kyr rundt sela. Søndag 14. august er det vel verdt å leggje turen til Midtbøstølen. Då steller Barnas Turlag og medhjelparar i Norddalsfjord igjen til samling med dei tradisjonelle aktivitetane for turglade menneske i alle aldrar.