Opera pub med operakysten

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje, OperaKysten er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor! Med støtte frå det lokale...
This activity is completed or marked as expired
27.Oct
2021
7:00pm

Details

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje, OperaKysten er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor!

Med støtte frå det lokale næringslivet rullar OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og kjem til eit lokale nær deg! Ein OperaPub-turné er akkurat det både vi og du treng for å lyse opp desse haustdagane i slutten av oktober. Våre artistar er velkjende for dykk allereie - Nora Oleanne Sårheim (sopran), Eivind Kandal (tenor) og Andreas Løken Taklo (klaver) gler seg stort til å syne fram programmet dei har sett saman av utdrag i frå både operette- og operalitteraturen. Kanskje får de også høyre litt av operaen vi set opp i januar 2022?

Når øyre og sjel får påfyll er det alltid på sin plass med påfyll i munn og mage. Lokale leverandørar tilbyr noko matservering på desse konsertane, og du bestiller sjølv det du vil drikke til. Det er mogleg å kjøpe billett både med og utan mat.

Practical

Enjoy code: 850245
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.