Olav Stedje

Olav Stedje - Gullrøysta frå Sogn Mannen med den mest kjende røysta – og barten – i heile Sogn. Med den mest kjende røysta i Sogn har Olav Stedje vandra saman med eit trufast publikum i snart...
This activity is completed or marked as expired
14.Aug
2021
3:00pm

Details

Olav Stedje - Gullrøysta frå Sogn

Mannen med den mest kjende røysta – og barten – i heile Sogn.

Med den mest kjende røysta i Sogn har Olav Stedje vandra saman med eit trufast publikum i snart fire tiår. Røysta openberte seg alt då han var sju og og song på juletrefest i speideren. I ungdomstida song og spela han gitar i bandet Compact. Barten kom først i 1977, og har vore eit fast kjenneteikn sidan gjennom karrieren.

«Ta meg med», «Vi vandrar saman», «E-18», «Ein nordmann sin draum». Songane treff deg framleis midt i hjartet når du høyre dei. Og når du nynnar med ser du smilet og barten til Olav Stedje - verdas mest sjarmerande sogning.

Olav Stedje er ei levande legende, kjend frå ei rekkje musikkalbum-innspelingar, seks sølvplater og deltaking i Melodi Grand Prix i 1983, 1985 og 1987. Og Olav held koken – røysta er like fløyelsmjuk og varm som alltid, og stemningen blir fantastisk på konsertane hans, publikum blir rive med, og Olav elskar det!

Practical

Enjoy code: 916347
Type
Festival
Target groups
Elderly, Adult, Youth, Kids
Source
TicketCo
External information

Sponsored links