Folk: Økland & Apeland

Sundag 26. mars kl 18 Merk ny dato! Konserten har vorte flytta frå tidlegare dato i mars _______________ NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel Nils Økland er ein av...
This activity is completed or marked as expired
26.Mar
2023
6:00pm

Details

Sundag 26. mars kl 18

Merk ny dato! Konserten har vorte flytta frå tidlegare dato i mars


NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel

Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.

Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.

Practical

Enjoy code: 595018
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.