star
star
star
star
star

Nyken - utsiktspunkt på Skei

Nyken er eit flott og kortreist utsiktspunkt på Skei. Turen startar ved "Dammen" i Fossheimsdalen, og går i myrlendt terreng opp til ryggen "bak" Skei. Merka rute opp på sti som er relativt godt...
Photo: Anne Cecilie Kapstad

Photos

Practical

Enjoy code: 431865
Ta av E39 mot Fossheim. Køyr skogsveg opp til "Dammen". Bom kostar 50 kroner.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
0.9 km
Difficulty level
Easy
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Nyken er eit flott og kortreist utsiktspunkt på Skei. Turen startar ved "Dammen" i Fossheimsdalen, og går i myrlendt terreng opp til ryggen "bak" Skei. Merka rute opp på sti som er relativt godt synleg. Kan vere noko vått terreng å gå i. Spesielt dersom det har vore mykje nedbør. Frå toppen får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet i vestleg retning, og over sentrum på Skei.

Du brukar kring 20-30 minuttar opp frå "Dammen". Du kan forlenge turen ved å gå opp skogsvegen, eller du kan gå vidare på skilta rute til Skafonnfjellet, Høgenipa, Kleivafjellet og Vikastøylen.