star
star
star
star
star

Norddalsfjord via Solheimstølen, Nordalstølen, Ytre Strandastølen til Tonheim

Dette er ein av dei gamle ferdslevegane frå Norddalsfjord til Eikefjord. Ved å følgje denne kan ein kome til Tonheim i Eikefjord. Køyr til Norddalsfjord og etter 10 km ta av over brua i vestenden...

Practical

Enjoy code: 565370
Kjør til Norddalsfjord fylkesvei 544 og etter 10 km ta av over brua i vestenden av Midtbøvatnet. Kjør til vegs endes, til Kordølene og parker der.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult, Kids
Duration
5 hours
Distance
10.8 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein av dei gamle ferdslevegane frå Norddalsfjord til Eikefjord. Ved å følgje denne kan ein kome til Tonheim i Eikefjord. Køyr til Norddalsfjord og etter 10 km ta av over brua i vestenden av Midtbøvatnet. Køyr til vegs endes, til Kordølene og parker der. Pilskilt viser stien til Fiskevatnet som er godt merka med raude trekantar og raude pålar. Til Haugalia / Hogalia kjem du ved å gå rundt Fiskevatnet på vestenden og gå rett vestover mot Holten. Dette er same stien som går til Solheimsstølen. Nokre få meter vest om Kvilet er det pilskilt til Hogalia. Her er stien godt merka opp bakkane. Frå Hogalia kan ein følgje den merka stien opp under Skreene, dei bratte bakkane under Blånipa over til Nipevatnet og Hovlandsstølen i Eikefjord. I staden for å ta opp til Hogalia kan ein følgje merka sti rett fram med pilskilt til Solheimstølen i inste enden av Stølsvatnet. Vidare kan ein gå til Nordalstølen der det er stølhus som vert mykje brukt. Siste stølen på ruta til Tonheim er Strandastølen.

Lengde: frå Midtbø til Fiskevatnet 2 km, Hogalia 3 km, Solheimstølen 5 km, Nordalstølen 6 km, Ytre Strandastølen 7 km Tonheim 9 km. Sjekk tal km Høgde: Fiskevatnet 132 moh. Hogalia ? m o h, Stølsvatnet 306 moh, Nordalstølen 380 moh, Strandastølen 450 moh Tidsbruk frå Midtbø til Fiskevatnet ca 30 min, Hogalia 1,5 time, Solheimstølen 2 timar, Nordalstølen 2,5 timar, Strandastølen 3,5 t, Tonheim 4 -5 timar.

Turen er teikna inn og ikkje gått med spor. Derfor ei rettsnor til trace