Morgon og kveld | Teaterfest

Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm til perm. Morgon og kveld er ein uvanleg vakker roman om sjølve grunnvilkåra her i livet. Eit...
This activity is completed or marked as expired
12.Mar
-
6:30pm

Practical

Enjoy code: 271224
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly
Source
Eventim
External information

Sponsored links

Details

Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm til perm.

Morgon og kveld er ein uvanleg vakker roman om sjølve grunnvilkåra her i livet. Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. På sitt særeigne vis skildrar Jon Fosse ytterpunkta i eit menneskeliv.

No kan du oppleve Morgon og kveld som lydbok live med Anderz Eide, som òg har vunne Storytel Awards for innlesinga si av Septologien.

Gjer det gjerne komfortabelt: Ta med strikketøyet, ta på ullsokkane og finn roen. I pausa kan du kjøpe deg suppe, eller ein god kopp te eller kaffi. Her blir det rom for stillheit, refleksjon og ei nær litterær oppleving.

Meir praktisk informasjon kjem etter kvart!

Velkommen til ei lun og uformell stund under årets Teaterfest.

Maps