Similar alternatives
Details
Vokalgruppa mju inviterer til a cappella julekonsert med kjende julesongar i nye arrangement, og minst ein heilt ny julesong av året. Vokalgruppa mju inviterer til a cappella julekonsert med kjende julesongar i nye arrangement, og minst ein heilt ny julesong av året. Dei fleste songane er henta frå albumet "den hjartevarme jula" som vi gav ut i fjor. Tittelsongen er ei ny omsetjing av den amerikanske juleklassikaren have yourself a merry little christmas. Alle songane er i nye arrangement, tilpassa stemmene til mju-songarane. Inspirasjonen frå den banebrytande vokalgruppa the singers unlimited, kjem tydeleg til uttrykk i fleire av arrangementa, med stemmer som snor seg rundt harmoniane. Arrangementet blir gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar. Sopran: irene Åbrekk kalvatn alt: anne marta vinsrygg vadstein tenor: svein ola lillestøl bass og arrangør: gaute Øvereng