Ministrunken 2025 - song

Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde...
09.Jul
-
10:00am

Details

Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Onsdag 9. og torsdag 10. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!

Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

Instruktør song: Informasjon kjem seinare

NB! Hugs påmeldingsfristen 1. juni kl. 23.59!

Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no.

Practical

Enjoy code: 398501
Type
Scene
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo