Middelalderfestival 2023

Med leik og læring, lyder, lukter og fargar - iscenesett av gjøglarar, musikarar, hærmenn, handverkarar og kremmarar tek vi deg tilbake til mellomalderbyen Borgund si storheitstid! Sjå slaget...
This activity is completed or marked as expired
03.Jun
2023
11:00am

Details

Med leik og læring, lyder, lukter og fargar - iscenesett av gjøglarar, musikarar, hærmenn, handverkarar og kremmarar tek vi deg tilbake til mellomalderbyen Borgund si storheitstid! Sjå slaget mellom Kongshirden 1260 frå Bergen og Bispeliden frå Trondheim, tungt rusta krigarar som kjempar om makt og ære. La deg rive med i teaterframsyninga om kjærleiken på Giske. Ta del i herleg gjøgleri og glad mellomaldermusikk. Kle deg i vakre mellomalderkjolar og kyss ein frosk på prinsesseskulen. Lær kampteknikk og riddermanerar på ridderskulen. Spenn opp, dra til og skyt med pil og boge, test ut katapulten, prøv deg i mellomaldersmia eller lær å garve skinn. Dei aller minste kan kjenne kriblinga i magen i mellomalderkarusellen. Spel mølle og bondesjakk med KJEMPESTORE brikkar, ta eit avbrekk i gapestokken eller lær deg kunsten å farge garn. For den ekstra tålmodige - skriv med blekk og fjærpenn på skriveskulen. Høyr engasjerande foredrag! Om den spanande falkoneringa i området og om pesten sitt inntog i Noreg – og Borgund. Følg oss på Facebook og Instagram for oppdateringar undervegs. Del og nemn oss gjerne @sunnmøremuseum Detaljert program vert publisert nærmare festivaltida! Velkomen til feiande flotte festivaldagar!

Practical

Enjoy code: 612732
Type
Festival
Target groups
Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links