MARIUS AASEN "PAPPAPERM"

Standup show og pubkveld i ungdomshuset den 27. April kl 20:00. Frå nykommarkveld på «Lille Ole Bull Scene» i Bergen kjem Marius no med heilt eige standup show. Som øyagut vert sjølvsagt første...
This activity is completed or marked as expired
27.Apr
-
8:00pm

Details

Standup show og pubkveld i ungdomshuset den 27. April kl 20:00.

Frå nykommarkveld på «Lille Ole Bull Scene» i Bergen kjem Marius no med heilt eige standup show. Som øyagut vert sjølvsagt første show lagt til Ungdomshuset i Øyane.

Med fartstid frå ei rekkje lokalrevya, toastmasteroppdrag og show på julabord har Marius tatt steget vidare ved å delta på standup kurs i regi «Standup Bergen».

Leia av ein av Bergens framste standup komikar, Eirik Krokås, og med tips og triks frå fleire av dei andre framste komikarane vart første settet satt saman til derby på Ole Bull Scene.

Nykommarkvelden i Bergen vart braksuksess med mykje gode tilbakemeldingar frå både publikum og rutinerte komikara.

Marius skøya mykje om livet som familiefar og kvardagens utfordringa. Og nettopp showet «Pappaperm» har ein raud tråd om det å vera familiefar. Alt frå livet med to- og firbeinte snur han utfordringane i kvardagen om til humor mangen kan kjenna seg igjen i.

Practical

Enjoy code: 387060
Type
Scene
Target groups
Adult, Youth, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links