MARI BOINE TRIO - Jazz på Jølst 2022

Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine levert ein ganske utruleg innhaldsrik diskografi, og ho har bidrege til å spreie vår felles kulturarv over heile verda. Ho er Norges fremste...
This activity is completed or marked as expired
15.Oct
2022
7:30pm

Details

Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine levert ein ganske utruleg innhaldsrik diskografi, og ho har bidrege til å spreie vår felles kulturarv over heile verda.

Ho er Norges fremste representant innan verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning i tillegg til fleire nasjonale utmerkingar som fleire Spelemannsprisar (inkludert heidersprisen), Rockheim Hall of Fame, Nordisk Råds Musikkpris, Samerådets Ærespris, Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Ole Vig-prisen, Finmark Fylkes Kulturpris, Anders Jahre’s Kulturpris, æresdoktorat, utnemnt til statsstipendiat og mykje meir. Ei liste som kan ta pusten frå dei fleste.

Med utgangspunkt i joik og samisk musikk har ho skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar og leverer scene framføringar som kan ta pusten frå alle og ein kvar, om det er trio, eller fullt band format.

Med andre ord dette vert ei oppleving for livet!

Konserten er eit samarbeid med Førdefestivalen!

Mari Boine vokal med meir

Georg Buljo -gitar

Gunnar Augland - trommer

Practical

Enjoy code: 685406
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.