star
star
star
star
star

Mækjevika til Bjørnset

Turen startar frå Mækjevika. Du kjører inn på gamlevegen og til endes mot aust og parkerer. Gå nokre meter langs Rv 5 før du tek av opp eit bekkefar. Stien oppover er godt tråkka. Følg den oppover...

Practical

Enjoy code: 136829
Rv 5 til Mækjevika
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult, Kids
Duration
30 minutes
Distance
3.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar frå Mækjevika. Du kjører inn på gamlevegen og til endes mot aust og parkerer. Gå nokre meter langs Rv 5 før du tek av opp eit bekkefar. Stien oppover er godt tråkka. Følg den oppover og etterkvart dreiar stien over mot Norddalsfjordsida. På toppen krysser du over mot Solheimsfjorden. Følg tråkket innover og gjennom skog til du kjem til Gapahuken som ligg nede i eit søk ca 1,7 km frå Mækjevika.

Her kan du på regnværsdagar ete nista under tak. Det er også muleg å gjere opp bål, men ikkje tenn opp når det er tørt og husk å sløkke etter deg.

Stien fortset vidare innover til Bjørnset. Først rundt toppen på sørsida av Klaven 166 moh, så dreier du over til andre sida slik at du ser Solheimsfjorden. Eit stykke nede i bakken tek stien til høgre og inn i tettare granskog. Stien går inn i skogen til du kjem ned mot kanten og følgjer stien ovanfor husa på Teigen. Det er litt over 1 km frå Gapahuken til Teigen. Ta litt til venstre før stien svingar oppover åsen til høgre og går langs høgda på Granåsen 121 moh. Her kan du velge å gå opp den nye skogsvegen og så inn i skogen omlag på toppen av bakken. Du går på ein del dyrtetråkk. Fortset vidare mot Bjørnset.

Frå Teigen til Bjørnset er det ca 1,4 km. Turen går gjennom gamal skog og trerøter. Ein finn mange rare formasjonar om du tar deg tid og ser etter. Rett og slett ein trollskog. Når du kjem ned til den dyrka marka, gå til venstre langs kanten og inn på anleggsvegen. Undervegs er det eit gammalt pilskilt som viser veg til Bjørnset og Gapahuken.

Går du turen andre vegen kan du parkerer på avkjørsle langs vegen opp til Bjørnset. Følg anleggsvegen innover. Vegen går langs dyrka mark vestovet. Du tar av frå anleggsvegen der dyrka mark sluttar. Gå av til venstre og finn stien oppover i skogen.