star
star
star
star
star

Lomvatnet og Haugsvarden (862 moh) frå Tystadstøylen i Gloppen Kommune.

Her er mange ruter opp til Haugsvarden, dette er kanskje den aller finaste. I 2014 har Barnas Turlag i Gloppen Lomvatnet og Haugsvarden som trimpostar. Turen opp til Lomvatnet er difor i 2014...

Practical

Enjoy code: 175411
Frå Sandane sentrum køyrer du mot Austrheim og opp bakkane forbi Austrheim skule. I krysset før innkøyring på E39 tek du til venstre mot Fjellbygda.

Følg vegen vidare oppover, hald til venstre/rett fram i fyrste vegskille ved Askefeltet og opp til Alme. På toppen deler vegen seg - her fortset du rett fram og opp ein liten bakke.

Asfaltvegen tek slutt og går over i grusveg, og etter 4-500 m svingar du krapt opp til høgre.

Her betalar du bompengar, og fylgjer Almeskogsvegen vidare. Det er grinder på skogsvegen, og desse må du late att etter deg. Etter ein god km på skogsvegen, står det skilt til Tystadstøylen. Ta til venstre og følg denne vegen til endes. Her parkerer du.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Elderly, Kids
Duration
10 minutes
Distance
3.4 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Her er mange ruter opp til Haugsvarden, dette er kanskje den aller finaste.

I 2014 har Barnas Turlag i Gloppen Lomvatnet og Haugsvarden som trimpostar. Turen opp til Lomvatnet er difor i 2014 merka med turbomerker på staur, og går på flott og tydeleg rås heile vegen. Fyrst går du gjennom skogen eit par hundre meter og opp til Tystadstøylen. Her er det flott utsyn utover mot Anda og Nordfjorden, og eit lite steinbord med benkar innbyd til å setje seg ned og nyte utsikta ei lita stund.

Så fortset råsa vidare opp forbi støylen, gjennom furuskog og etterkvart over tregrensa. Her står to steinvarder like ved kvarandre, og rett etter dette deler råsa seg. Her skal du ta råsa til venstre. No flater det ut, og råsa svinger nordaustover i retning Haugsvarden. Etterkvart ser du Lomvatnet, og posten står før Lomvatnet der råsa delar seg.

Fortset du på råsa til venstre kjem du ned mot Lomvatnet. Tek du derimot råsa mot høgre kan du følgje den heilt til Haugsvarden. Her finn du neste post.

Frå Tystadstøylen til Haugsvarden er det ca. 3.3 km. Turen frå parkeringsplassen og opp til Lomvatnet tek mellom 30 min og ein time med born. Fortset ein vidare mot Haugsvarden tek det ytterlegare 30 min til ein time.

I 2014 er turen merka etter DNT-standard.