Litteraturseminar med Klaus Johan Myrvoll

Klaus Johan Myrvoll Litteraturseminar søndag 19.juni kl. 14:00 «Den fæle futen og den saklause leiglendingen? Ei drapssak på Helgeland i 1690 sett i ljos av lovverket» I 1690 døydde...
This activity is completed or marked as expired
19.Jun
2022
2:00pm

Practical

Enjoy code: 118736
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Klaus Johan Myrvoll Litteraturseminar søndag 19.juni kl. 14:00

«Den fæle futen og den saklause leiglendingen? Ei drapssak på Helgeland i 1690 sett i ljos av lovverket»

I 1690 døydde leiglendingen Nils Kristoffersson på Sandnes (ved dagens Sandnessjøen) etter eit slag med flatsida av ein kårde. Det var futen Peter Angell, verbror til Petter Dass, som stod for kårdeslaget. Rettssaka som fylgde, illustrerer godt den tids rettspraksis. Angell vart frikjend, men kva botna saka eigenleg i?

Klaus Johan Myrvoll (f. 1981) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han er utdana norrønfilolog og har doktorgraden på ei avhandling om datering av skaldedikt. I tillegg til norsk og nordisk språkhistorie og norrøn litteratur har han arbeidt mykje med genealogi, lokalhistorie og lov og rett i gamal tid, med vekt på mellomalderen og tidleg nytid (1500- og 1600-talet).

Maps