Litteratursalong med Agnes Ravatn og Gunnstein Akselberg

Agnes Ravatn er aktuell med ny roman. Måndag 31.oktober kjem ho til Jakob Sande - tunet og skal samtale med Gunnstein Akselberg om den nye romanen. Hjarteleg velkomen til oss i tunet. Agnes Ravatn...
This activity is completed or marked as expired
31.Oct
2022
7:00pm

Details

Agnes Ravatn er aktuell med ny roman. Måndag 31.oktober kjem ho til Jakob Sande - tunet og skal samtale med Gunnstein Akselberg om den nye romanen. Hjarteleg velkomen til oss i tunet.

Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Ho er ein omtykt essayist, særprega av å skrive med ein ironisk distanse der ho gjer lite for å skjule seg sjølv.

Denne hausten er ho aktuell med romanen "Gjestene" som handlar om å samanlikne seg med andre og kome til kort:

«Hytta var ikkje så prangande og vulgær som eg hadde håpa, tvert imot var ho smakfull og diskret, i grånande tre, glas og naturstein. Ja, dette var - hm, sa eg og kom ikkje på noko. Eg hadde ønskt meg noko meir invaderande og blautkakeaktig kritikkverdig. Her var det ved første augekast ingenting Kai og eg kunne latterleggjere og håne og styrke alliansen vår på kostnad av, berre miljøvennlege materiale og ekstreme privilegium.»

Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, eit kjent forfattarpar, kjem Karin i skade for å servere ei kvit løgn, og snart har ho og Kai vikla seg inn i noko dei ikkje så lett kan vikle seg ut av.

Program i samarbeid med Rom for ord.

Foto:

AR: Marius Viken

GA: Thor Brødreskrift/TBR

Practical

Enjoy code: 852307
Type
Scene
Target groups
Elderly, Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links