20. mai - Litterær Salong : Å dikte sant v/ Sandra Lillebø og Olaug Nilssen

Å vere pårørande. Å få livet snudd opp ned av det altoppslukande ansvaret for eit funksjonshemma barn. Å vekse opp i skuggen av ei psykisk sjuk mor, og ikkje vite korleis det er å bli elska, å...
This activity is completed or marked as expired
20.May
2021
8:00pm

Practical

Enjoy code: 526932
Type
Lecture
Target groups
Adult, Elderly, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Å vere pårørande. Å få livet snudd opp ned av det altoppslukande ansvaret for eit funksjonshemma barn. Å vekse opp i skuggen av ei psykisk sjuk mor, og ikkje vite korleis det er å bli elska, å måtte vere den vaksne når du framleis er eit barn. Møt to forfattarar som har skrive kritikarroste bøker om vanskelege tema basert på eigne erfaringar.

«Jeg tror jeg ble forfatter for å skrive nettopp dette», seier Sandra Lillebø, om sin debutroman, Tingenes tilstand, der ho skriv om sine erfaringer med å vekse opp i skuggen av ei psykisk sjuk mor, der omsorgsrollene var snudd på hovudet. Kva gjer det med eit barn? Kva gjør det med ein vaksen, å bære på denne erfaringen. Og kva gjer det med den psykisk sjuke mora, at denne boka finns? Ifølge forfatteren sjølv, måtte ho skrive denne romanen for å overleve.

Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

Vi gler oss til å ha desse to, flotte forfattarane i salongen i samtale med Siri M. Kvamme.

Dørene opnar 19.30.

Maps