star
star
star
star
star

Litle Batalden

Turen startar frå kaia der du går frå det sørvestre hjørnet av den raude bua, opp og rett vest langsmed hammaren. På toppen snur du mot sør og går nokre meter ned ein liten knaus til ei myrlendt...

Practical

Enjoy code: 183468
Til Litle Batalden går det ikkje rutebåt så dit må du komme deg med eigen båt. Trekaia er privat slik at du må kontakte eigar på førehand for å få løyve til å bruke kaia. Du kan også legge ein båt ved den røde bua eller ankre opp inst i vågen om der ikkje ligg båt frå før. Her er avgrensa med båtplass.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
2 hours
Distance
2.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar frå kaia der du går frå det sørvestre hjørnet av den raude bua, opp og rett vest langsmed hammaren. På toppen snur du mot sør og går nokre meter ned ein liten knaus til ei myrlendt flate. Gå så rett sørover mot vestleg kant og du vil komme inn på stien som går mot Bataldslåtra. Stien går delvis over berg og etterkvart langsmed sjøkanten ved Bataldslåtra. Det er ikkje alltid tydelig kvar stien går, så du må følgje topografien. Etterkvart snur du nordover og kjem ut på eit nes som er fint å følgje rundt. På vestsida er det fine små rullesteinsfjærer, også omtalt som Sandane. Vidare skrår du oppover i lyngterreng til du kjem til eit trangt skar som krev litt klatring nedover. Så vidare sørover i skrått lyngterreng langsmed foten av fjellet. Opp mot fjellet ser ein då Omnen, ei stor hole som er verdt eit besøk. Fortset vidare i eit fint og spennande terreng med mellom anna ei grotte, Hola som absolutt bør utforskast. Her finnes også ein rik flora med tidlig blomstring. Turen vidare går sør og etter kvart austover til Braskevika. Her ifrå kan du velge mellom to returmuligheiter.

Den mest brukte returen er opp til toppen. Gå då opp ei grasdekt steinur frå Braskevika. Her er det ikkje sti, så du går der det er naturleg og enklast å følgje terrenget. Returen går ned på nordsida i lyng og kratt til du naturlig snur austover og kjem ned til Bataldslåtra. Du følgjer så stien tilbake til kaia.

Frå Braskevika kan du velge ein mindre brukt retur ved å fortsette å gå austover. Delvis langsmed sjøkanten til du må opp og rundt ein kort og luftig bergnabb. Det er ikkje lange stykket med klyving, men det kan opplevast litt luftig for dei som ikkje likar høgder. Resten av turen tilbake til kaia går nordaustover i delvis ulendt kratt og myr terreng.

Dette kan vere ein krevjande tur på grunn av det vekslande terrenget.