Similar alternatives
Details
Fredag 19. april opnar Leven-Nordhordland rockeklubb nok ein gong. Me har med oss fantastiske Hin frå Bergen og lokale Some bad days. Støtt det lokale musikkmiljøet i Nordhordland ved å bli med å skapa leven 19. april. Velkommen!
Hin Med hjarte og utspring i folkemusikken og ein fot godt planta i rockeleiren byr bandet "Hin" på ville tonar og raffe riff.
Med nennsame hender, villskap i blikket, hardingfele og gitar med god vreng tek Hin deg med på ei reise du seint vil gløyme.
Besetning:
Tora Fjeld- Vokal
Irene Bjørke- Hardingfele
Petter Soltvedt- Gitar
Petter Winsnes-Bass/keys
Ulf Legernes-Trommer
- SOME BAD DAYS Some bad days er eit band frå Bergen, Åsane og Osterøy som speler feita rockelåter, i sjangermessig kategorien stonerrock. Forvent tunge riff og rå stemning. Sjekk dem ut her: https://open.spotify.com/artist/3JZEAQTnCJ4SbjjZM5G2L8?si=llk_eopTQ5urdJ6SlE4_-g
Dørene opnar kl. 19:00. Konsertstart kl. 20:30. Aldersgrense 18 år.
Vil du bli med å jobba frivillig? Ta kontakt med oss på e-post kontakt@nordhordlandrockeklubb.no.
Vil du støtta klubben og bli medlem? Som medlem får du rabatt på arrangement.
Sjå nettsida vår: https://nordhordlandrockeklubb.no/bli-medlem