Lasse Passage

Lasse Passage er ein artist, låtskrivar og produsent som jobbar i grenseland mellom folk, lo-fi og pop. Passage ga ut sin tredje fullengder - “Sunwards” i 2020- eit album som i hovudsak vart laga...
This activity is completed or marked as expired
03.Dec
2021
6:00pm

Details

Lasse Passage er ein artist, låtskrivar og produsent som jobbar i grenseland mellom folk, lo-fi og pop. Passage ga ut sin tredje fullengder - “Sunwards” i 2020- eit album som i hovudsak vart laga på ein kassegitar under ei lengre reise i Mexico. Sunwards er kanskje Lasse sitt mest ambisiøse album til dags dato, med musikarar frå øvste hylle av den skandinaviske jazzscene og miksa av Noah Georgeson (kjent for sitt arbeide med Joanna Newsom, Devendra Banhart).

Lasse Passage er ein frisinna kunstnar som opererer i eit variert musikalsk landskap. Han flytta til Nederland på starten av 2000-talet for å studere elektroakustisk komposisjon. Parallelt med å være ein aktiv skikkelse i samtidsmusikk i Norge, har han utvikla ein spanande karriere som singer-songwriter med omfattande turnéar i Europa dei siste åra. I tillegg til dette viser han stadig nye sider av seg sjølv gjennom sine sceniske samarbeid med koreograf (og musikar) Ingrid Berger Myhre,

Denne desemberkvelden på det nyoppstartede initiativet Gvarv Musikkverksted er me så heldige å få høyre musikken spela av ein heilt ny konstellasjon bestående av Jo David Meyer Lysne, Johan Simonsen og Ingrid Berger Myhre.

Velkommen inn i eit musikalsk landskap som tidvis kjennes som om det bles ein varm sommarvind gjennom rommet!

Gvarv Musikkverksted Gamlegata 16 3810 Gvarv

Cc: 150,- Konsertstart kl 18:00

Nettside:

https://www.lassepassage.com/

Practical

Enjoy code: 733032
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.