Langeleik - Strunkeveko

Langeleikkurs med Ingrid Lingaas Fossum Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning...
This activity is completed or marked as expired
11.Jul
2021
5:00pm

Details

Langeleikkurs med Ingrid Lingaas Fossum

Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Ingrid Lingaas Fossum har undervist langeleik på Strunkeveko mange gonger tidlegare. Ho har vunne gruppespel med Magnhild Karsrud på langeleik, og er ein svært dyktig utøvar. Det som ikkje så mange veit er at Ingrid også er songar, med stor suksess i Tanzania. Ein av musikkvideoane hennar har 180 000 visningar på nettstaden YouTube.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Practical

Enjoy code: 495729
Type
Scene
Target groups
Youth, Adult, Elderly
Source
TicketCo
External information

Sponsored links