Inngangsbillett Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Viss du er nysgjerrig på lukta av båt og kystkultur, vil eit besøk på Kystmuseet i Florø ikkje skuffe deg.
Photo: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Details

Viss du er nysgjerrig på lukta av båt og kystkultur, vil eit besøk på Kystmuseet i Florø ikkje skuffe deg. Ein av juvelane i den store båtsamlinga vår frå då vind og musklar var motor, er Bakkejekta frå 1700-talet. Her kan du sjå fiskereiskap og gjenstandar som viser kontakten våre små kystsamfunn har hatt med den store verda utanfor.

I skjergarden, i kystkulturlandskapet mellom gamle sjøbuer, kan du oppleve den historiske kystkulturen i Sogn og Fjordane. I utstillingane kan du også sjå korleis Flora vart by, og du får eit innblikk i silda si rolle for kysten.

Du kan på oppdagingstur på tilrettelagde stiar, utforske fjæra, prøve å bygge din eigen båt og helse på geitene våre. Du kan ta nista di utandørs, eller finne roen på kafeen vår. Ønskjer du å pløye djupare, kan du få omvising etter avtale.

Photos

Practical

Enjoy code: 310232
Museet har eigen parkeringsplass ved museet
Type
Attraction
Target groups
Kids, Adult, Youth, Elderly
Source
Enjoy
External information

Reviews

Loading ...

Maps