Kyrkjekonsert Bergen domkor

Bergen domkor held kyrkjekonsert i samband med Kinnaspelet. Dei syng Søndag fram til dei må dra for å nå båten attende til Bergen. Bergen Domkor vil framføre musikk frå "Messe for dobbelt kor" av...
This activity is completed or marked as expired
19.Jun
2022
4:00pm

Details

Bergen domkor held kyrkjekonsert i samband med Kinnaspelet. Dei syng Søndag fram til dei må dra for å nå båten attende til Bergen. Bergen Domkor vil framføre musikk frå "Messe for dobbelt kor" av franske Frank Martin, og utdrag frå det store "Vesper" av russiske Sergej Rachmaninov.

Martin komponerte største delar av messa for akkurat 100 år sidan, men det tok over 40 år før den vart framført fyrste gong. Komponisten var nemlig usikker på om noko kor på den tida ville framføre det berre på grunn av "den estetiske verdien". For han var verket ei sak mellom seg og Gud. No er vi svært glade for at musikken ikkje vart liggande i ei skuff - messa er rekna som noko av det aller fremste som er skrive for kor acappella.

Vinteren 1915 komponerte Sergej Rachmaninov "Vesper" eller på engelsk "All-Night Vigil", på under to veker. Det storslagne verket for acapella kor er beskrive som eit av av dei vakraste frå den russisk ortodokse kyrkjemusikken, og dessutan som eit av komponisten sine beste stykker, noko han også sjølv var enig i. Verket hentar tekstene fra dei ortodokse og bysantinske tidebønnene, og Rachmaninov målar dei ut med stor variasjon, inderlighet, med sin romantiske signatur.

Practical

Enjoy code: 544668
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.