star
star
star
star
star

Kvåle - Vassenden

Skildring av tur Frå garden Kvåle går du forbi husa og gjennom ei grind, og kjem ut på eit beite. Stien svingar seg bratt oppover beitet og vidare gjennom ei grind og opp i bratt skogsterreng. Når...
Photo: Steinar Smith

Photos

Practical

Enjoy code: 747917
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tek du rett fram i krysset med vegen til Folgefonna og over brua i Øvre Krossdalen. Etter 1,0 km er det skilta til Knutstøl. Turen går gjennom gardstunet på Kvåle. Har du bil, pass på at du ikkje parkerer til hinder. Spør helst dersom nokon er heime. Parkering på eige ansvar. Like før vegbommen på Fonnavegen er det på høgre side ei infotavle.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Elderly, Adult, Kids
Duration
30 minutes
Distance
2.7 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Skildring av tur

Frå garden Kvåle går du forbi husa og gjennom ei grind, og kjem ut på eit beite. Stien svingar seg bratt oppover beitet og vidare gjennom ei grind og opp i bratt skogsterreng. Når du er oppe i skoggrensa kjem du til stølen Knutstøl. Her er det flott utsikt mot Folgefonna. Du går vidare over høgda og til dels bratt ned til stølen Vassenden. God sti i skogen, men litt myrlendt over skoggrensa. Frå Vassenden kan du gå over på andre turar, sjå infotavle nede ved vatnet.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.

  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.