Kurs: Ungarske dansar

Laurdag 6. juli kl. 10:00-11:00 Førde barneskule, gymsalen Ungarske dansar Instruktør: Attila Vojtek (Muzsikas) Om du er røynd eller nybyrjar – her er alle like velkomne til å lære spennande...
This activity is completed or marked as expired
06.Jul
2019
10:00am

Practical

Enjoy code: 727632
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Laurdag 6. juli kl. 10:00-11:00

Førde barneskule, gymsalen

Ungarske dansar

Instruktør: Attila Vojtek (Muzsikas)

Om du er røynd eller nybyrjar – her er alle like velkomne til å lære spennande dansar frå Ungarn! Hovudvekta vil bli på dansetradisjonar frå regionen Gyimes i Transylvania, og dansane vert dansa i ring eller halvsirkel. Tidlegare vart desse dansane utført berre av menn, men etter kvart har kvinnene også kome på bana. Til dette kurset treng du ikkje ha nokon dansepartnar for å vere med, berre danselyst og gode dansesko!

Dansar, koreograf og instruktør Attila Vojtek vaks opp i landsbyen Báta, der merksemda rundt tradisjonsdans og -musikk var svært sterk, og der dei unge naturleg fekk lære og føre vidare dei lokale dansetradisjonane. Attila utmerka seg tidleg som ein talentfull dansar, og flytta etter kvart til Budapest for å få danse i ei profesjonell dansegruppe. Her blei han tatt opp i Bihari János Hungarian Folk Dance Ensemble, og fekk utdanning der, både som dansar, danselærar og koreograf. Han har vunne mange prestisjefylte prisar for dansen og koreografiane sine, og har samarbeidd med det legendariske orkesteret Muzsikás i mange år.

Du kan òg oppleve Attila og Muzsikás på konserten «MUZSIKAS & MUZYKANCI» i Storsalen i Førdehuset, laurdag 6. juli kl 17.00.

Foto er illustrasjonsfoto frå tidlegare kurs på festivalen. Fotograf: Knut Utler

Maps