Kurs i springleik og pols 2023

Instruktørar: Anne Grete og Rolf Bjørgan Foto: Knut Utler Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å danse springleik frå Gudbrandsdalen...
This activity is completed or marked as expired
12.Jul
2023
3:30pm

Practical

Enjoy code: 906854
Type
Lecture
Target groups
Elderly, Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Details

Instruktørar: Anne Grete og Rolf Bjørgan

Foto: Knut Utler

Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å danse springleik frå Gudbrandsdalen og pols. Springleiken har truleg vore i bruk over heile Gudbrandsdalen, men blir i dag mest brukt nord i dalen. Her finst dansen med eit sett av turar og variantar. Medan springleiken er lokal i Gudbrandsdalen, har polsen breidd seg utover og blitt veldig populær i heile landet.

Anne Grete og Rolf Bjørgan frå Sel i Gudbrandsdalen har båe dansa gamaldans og bygdedans sidan tenåra, og dei har halde eit utal kurs i både innland og utland. Dei er aktive deltakarar på Landskappleiken og Landsfestivalen, med fleire toppresultat. I 2003 vann dei kongepokalen for springleiken. «Vi har stor glede av å lære bort til andre», seier Anne Grete. No er ho og mannen på Hilme. Bli med!

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
  • Spelemann: Kari Grøsland

Maps