star
star
star
star
star

Kulturminnetur: Kolltveitmarka i Fjell

På 1800-talet vart det bygd tre store forretningsmøller i Fjell. Desse stod på Kolltveit, i Knarrvika og i Skålvika. I følgje Fjell bygdebok fi nn ein det første sporet etter mølledrift i 1852....
Photo: Arild Halvorsen

Practical

Enjoy code: 584746
Fra Bergen følg FV555 til Sotra. Ved rundkjøringen etter Kolltveitstunnelen ta til høyre. Rett før YX-stasjonen ta til høyre og kjør videre til du ser kilting til Kolltveit kai.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Adult, Kids, Elderly
Duration
2 hours
Distance
4.7 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

På 1800-talet vart det bygd tre store forretningsmøller i Fjell. Desse stod på Kolltveit, i Knarrvika og i Skålvika. I følgje Fjell bygdebok fi nn ein det første sporet etter mølledrift i 1852. Dette året blei det gitt løyve til å oppføra ein del stemmer vest i utmarka til Kolltveit, slik at vasskrafta til mølledrifta blei sikra. Den første mølla ved Kolltveit kai var i drift frå 1853. Mølledrifta på Kolltveit haldt fram til 1912, etter å ha gått gjennom eigarskifte og moderniseringar. Mølla blei seld og nytta vidare som hermetikkfabrikk. I dag er Kolltveit Industrihus, med ulike næringsaktørar, etablert i fabrikkbygget. Rørgata, som naturleg nok endar her, vitnar om mølledrifta i tidlegare tider.

Turen går frå Kolltveit kai og i retnings sørvest. Sør for Kolltveitvegen passerar ein eit strekk der rørgata ligg i dagen, og går inn i det første oppdemma vatnet; Kolltveitstemma. Her ser ein at den gamle, tørrmurte stemmegarden ligg ytst i konstruksjonen, og at det er oppført eit nytt betongfundament på innsida for å auka kapasiteten.Vidare på turen vil du få høve til å sjå på fl eire stemmer, berre du tek små avstikkarar frå løypa rundt Storavatnet - jamfør kartet. Etter at du har gått over den fine og særeigne Bekkebrua, mellom Storavatnet og Nordravatnet, tek løypa deg inn i eit idyllisk kulturlandskap på Kolltveit.