star
star
star
star
star

Kulturminnetur: Høybøen på Vindeneskvarven

Turen til Høybøen går gjennom bustadområdet vest for bedehuset, og nordover i eit lett kupert landskap. Sko deg godt, for det er våte parti du skal gå over. Mot slutten av 1970-talet hadde Statoil...
Photo: Arild Halvorsen

Photos

Practical

Enjoy code: 287593
Fra Bergen følger du FV555 mot Sotra. I rundkjøringen ved Kolltveit tar du til høyre og kjører videre til Ågotnes. Ved Ågotnes tar du av til Vindenes.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
1 hour
Distance
4.6 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen til Høybøen går gjennom bustadområdet vest for bedehuset, og nordover i eit lett kupert landskap. Sko deg godt, for det er våte parti du skal gå over. Mot slutten av 1970-talet hadde Statoil planar om å etablera eit ilandføringsanlegg for olje på Vindeneshalvøya, og arkeologiske og naturvitskapelege undersøkingar blei utført for å kartlegge verneverdiane i området. Oljeanlegget blei ikkje realisert, og såleis kan ein i dag vandre i eit område som demonstrerar menneska si tilpassing til eit kystlandskap i ein periode på om lag 10 000 år - frå eldre steinalder til mellomalderen.

Det er spora etter gardsdrift frå mellomalderen som er mest synlege i landskapet i dag. Ved Høybøen ligg mellom anna tuftene etter to hus og eit naust framme i dagen. Fleire funn under hustuftene og åkrane frå mellomalderen ga dateringar til eldre jernalder, og viser at ein gard blei rydda her allereie ved starten av vår tidsrekning. Fire gravrøyser er også synlege spor etter den eldste driftsfasen, som ser ut til å ha teke slutt i løpet av 400-talet. Først mellom år 800 og 1050 fekk ein eit nytt landnåm, før garden vart teken opp igjen for fullt i mellomalderen. I siste halvdel av 1300-talet blei garden igjen lagt øyde, etter alt å døme grunna Svartedauden og dei påfølgjande pestsjukdomane.

Øydegarden ved Høybøen er eit sjeldant døme på ein mellomaldergard,