star
star
star
star
star

Kulturhistorisk løype i Gulen

Sykkeltur frå ekspressbåtkaien i Sollibotn, via Eivindvik som er kommunesentrum i Gulen kommune, til Tusenårsparken på Flolid: På ein tur frå Eivindvik til Flolid i Gulen kommune kan ein få ein...
Photo: Sogn og Fjordane

Photos

Practical

Enjoy code: 791340
Ekspressbåt frå Sogn, Bergen eller Nordfjord til Sollibotn (norled.no). Sykkel frå Sollibotn til Eivindvik (2 km) og vidare til Floli (4,2 km). Det er dessverre ikkje sykkelutleige i Sollibotn på skrivande tidspunkt. Om ein kjem med bil kan ein velje å stoppe i Eivindvik eller på Floli først. Ein kan så klart også parkere bilen ein av stadane og gå mellom. Det er hotell
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Elderly
Duration
1 hour
Distance
7.6 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Sykkeltur frå ekspressbåtkaien i Sollibotn, via Eivindvik som er kommunesentrum i Gulen kommune, til Tusenårsparken på Flolid:

På ein tur frå Eivindvik til Flolid i Gulen kommune kan ein få ein innblikk i opphavet til demokratiet. Gulatinget er ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden, truleg skipa i Gulen av kong Harald Hårfagre (konge ca. 872–932).

Det autentiske Gulatinget låg i middelalderkyrkjestaden Eivindvik, medan Gulatingsparken på Flolid er ein minnepark til ære for Gulatinget. Parken vart opna 27. august 2005 og er tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Parken er utsmykka med kunst av skulptøren Bård Breivik.

HERRESALEN Når ein kjem langs vegen frå vest og nærmar seg kyrkja, kan ein sjå eit stort kvitt hus som ligg mellom vegen og fjorden. Dette er “Herresalen”, prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852) sin bustad frå 1819. Dahl vart kapellan til Eivindvik prestegjeld i 1804, sokneprest i 1807, og seinare prost i Ytre Sogn, ordførar i Gulen og stortingsmann for Nordre Bergenhus Amt. Prost Dahl var den einaste Stortingsmannen som på ubunde mandat stemma nei til union med Sverige.

Huset er bygd i nyklassisistisk (empire-) stil og var prestebustad fram til 1902. Kommunestyresalen i andre høgda har vore møtesal for kommunestyret heilt fram til midten på 1980-talet. Prestekaia og steintrappa opp til kyrkja er óg Dahl sitt verk.

PRESTEKAIA Prestekaia ligg rett ved Herresalen i Eivindvik. Steintrappa som fører frå kaia og opp til kyrkja går forbi Herresalen. Både Prestekaia og kyrkjetrappa vart sette opp av prost Dahl. Tidlegare var sjøvegen viktigaste ferdselsåra, og særleg på preikesundagane låg båtane tett ved Prestekaia i Eivindvik. Herresalen er i dag brukt til folkebibliotek.

NIELS ALSTRUP DAHLS MONUMENT På andre sida av vegen frå Herresalen står eit monument over Niels Griis Alstrup Dahl. Ved 150-årsmarkeringa for Dahl (1778-1852) sin død i 2002, vart det avduka ein bauta over Dahl sitt liv og virke, laga av skulptøren Elisabeth Steen. Denne står plassert på parkområdet nedanfor kommunehuset.

DET AUTENTISKE GULATINGET I KROSSTEIGEN Det området som ligg mellom kyrkja til høgre og krossen bak kommunehuset på venstre side vert kalla Krossteigen. Den eldste tingstaden låg, etter det ein kan tolke ut frå sagatradisjonen, i området mellom kyrkja og dei to steinkrossane i Eivindvik.

Gulatinget var ei årleg tingsamling som fann stad frå ca. 900-1300 e.Kr. På tinget møttest bønder frå Vestlandet for å drøfta politiske saker, som skattlegging, vegbygging, kyrkjebygging, militære plikter og ei rad andre spørsmål. I tillegg brukte dei tinget til dømma i sivile tvistemål og kriminalsaker.

Her finn ein fornminne frå same periode. To steinkrossar er sett opp på kvar si side av ein stor voll. Desse er sette opp i kristningstida, ca 950 - 1050. Begge steinkrossane er laga i granatglimmerskifer som er akkurat same stein som kvernsteinane frå Hyllestad vart laga av. Det er difor truleg at krossane i Eivindvik er tekne ut i steinbrotet i Hyllestad.

I Noreg er slike store frittståande steinkrossar sjeldne, og ein finn dei berre på Vestlandet. I eldre tider skal munkane ha gått i prosesjon rundt krossane to gonger om året - 3. mai og 14. september. Det har vore kyrkje i Eivindvik frå gamal tid. Kyrkja og krossane rundt vollen i Eivindvik ber bod om at staden var viktig alt 1000 år attende i tid.

DEN ANGLISKE KROSSEN Ta av til venstre før kyrkja, opp mot kommunehuset. På opninga bak kommunehuset står ein anglikansk kross som mest sannsynleg er satt opp av Håkon den gode. Krossen er plassert slik at sola skin på heile krossen når ho snur ved vintersolkverv den 21. desember.

Ein meiner at Håkon den gode (også kalla Håkon Adelsteinsfostre) kan ha satt opp krossen etter ein britisk modell i samarbeid med bisp og lærarar frå Sør-England.

OLAVSKJELDA Ved krossen i Krossteigen finn ein Olavskjelda. Denne skal ha fått sitt navn fordi Olav den heilage ein gong drakk av den. Kjelda er nesten aldri tørr og etter segnet skal den ha helsebringande eigenskapar. Mange som har studert krossane i Eivindvik meiner å finne ein samanheng mellom krossen og denne kjelda. Krossen kan godt ha vorte brukt i samband med Gulatinget då det vart lyst tingfred under krossmerket. Krossen ved kyrkjeporten kan ha fungert som samlingsmerke for kyrkjelege handlingar.

PRESTEGARDSMUREN Til venstre for krossen bak kommunehuset startar oppturen til eit stort nett av stiar rundt Eivindvik. Du kan gå rundt den mektige «Prestegardsmuren» som tidlegare gjekk rundt heile innmarka på prestegarden. Den er om lag 1,5 km lang og skulle skilje mellom utmark og innmark. Muren vart bygd i stein for å spare skogen (og kanskje som brannvern). Muren vart ferdig rundt 1825. Bønder i området stod for muringa - etter seiande for 1 krone dagen.

BORGSTOVA Når ein kjem ned til vegen igjen ligg ein liten kvit bygning på venstre side. Dette er Borgstova. Denne stova var tidlegare ein del av prestegarden som stod nærmare sjøen, men vart flytta og sett opp som borgstove mellom kyrkja og heradshuset når prestegarden vart riven i 1902. Borgstova har mellom anna vore nytta som omkledningsbu for folk som kom roande til kyrkja, og ein plass folk vart vaksinerte mot koppar etter kyrkjetid.

Det er sannsynleg at stova har vore bygt på 1700-talet om ikkje før.

GULEN KYRKJE Gulen kyrkje er ei langkyrkje i tre. Eivindvik vert rekna som ein svært gammal kyrkjestad, kanskje ein av dei eldste i landet. Her samla truleg dei fyrste kristne seg, fram til dei fekk bygt seg kyrkje. Den fyrste kyrkja låg truleg på same staden som den gamle hovstaden i Eivindvik, og der har kyrkjene stått gjennom alle år.

Kyrkja, som har 700 sitjeplassar, vart vigsla 13. desember 1863 av prost Thomas Eriksen. Arkitekt Georg Andreas Bull laga teikningane. Gulen kyrkje er soknekyrkje for Gulen sokn og hovudkyrkje i Gulen prestegjeld.

DEN KELTISKE KROSSEN Ved inngangen til kyrkja stod tidlegare ein keltisk kross på ca 2,7 meter. Krossen vart dessverre skada i 2012. Dette skjedde ironisk nok i eit forsøk på å hindre at eit gamalt tre fall ned og skada krossen.

Ekspertane meiner at krossen ved kyrkja er knytt til Olav Tryggvasson som kristna folk på Gulatinget. Etter at han vart kristen reiste han tilbake til Noreg via Vest-England og Skottland og kan ha fått med seg keltiske tradisjonar.

No går turen vidare langs vegen austover mot Flolid.

GULATINGSPARKEN Ta av til høgre frå vegen ca 4 km frå Eivindvik. Det står skilta mot Tusenårsstaden Gulatinget. Gulatingsparken er ein minnepark til ære for Gulatinget. Parken vart opna 27. august 2005 og er tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune. Parken er utsmykka med kunst av skulptøren Bård Breivik.

Gulatinget er det eldste og største regionale tinget i Noreg. Tinget var i funksjon frå 900 til 1300 e.Kr. Her møtte bøndene og drøfta politiske saker, utforma Noregs eldste bevarte lovsamling Gulatingslova og dømte i sivile saker.

Gulatinget var først eit Allting for landskapsområda Sogn, Fjordane og Hordaland, der ”Alle frie våpenføre menn” hadde rett til å delta. Seinare, truleg under Håkon den gode, vart tinget eit Lagting med representantar (lagmenn) frå kvart fylke i Gulatingslagen dvs. det område Gulatingslova gjaldt. Representasjonsprinsippet i Noreg er difor over tusen år gammalt.

Gulatingslova er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. Lovene vart først framført munnleg, og seinare skrive ned. Gulatingslova er unik i Europeisk samanheng fordi den gav bøndene stor grad av sjølvstyre.

FJORDEN OG SJØBASERT FORSVAR Ta turen nedom fjorden og hamna. Tusenårsstaden har ikkje eiga kai, men det er mogeleg å leige privat kai i området mot avgift.

Fjorden var heilt sentral kring år 1000, og Gulatingslova fortel blant anna om vårt første organiserte, sjøbaserte forsvar: Leidangen. Landet var inndelt i "skipreid", område som hadde ansvar for å utstyre båtar med mannskap, proviant og våpen til å delta i kongens Leidangsflåte.

Til Leidangsvesenet hørte eit varslingssystem med veter (vardar) på fjella. Her var det vardevakt som skulle passe på å tenne varden om han så andre tente veter og på den måten varsle og mobilisere folk. I Ytre Sogn samla Leidangen seg etter soga på Utvær. Der er det ein skjerma hamn ein kunne ligge og vente i. Når heile Leidangen hadde samla seg kom kongen og flåten gjekk mot framande hærmenn som nærma seg sjøvegen.

Rundt Gulatinget er det fire slike store veter, mellom anna på Flolidfjellet som du kan sjå over tusenårsstaden mot nordvest.

TUROMRÅDE Gå tilbake på stien opp til hovudinngangen til parken, ved grindhuset, og ta ein runde rundt i parken. Det er opparbeida turstinett i heile parken. Dette har opna opp tidlegare unytta områder på Tusenårsstaden og gjer det mogeleg å tilbringe ein dag med turgåing og rekreasjon i parken.

KUNSTEN I TUSENÅRSPARKEN Dei tre hovudverka i tusenårsparken er laga av bilethoggaren Bård Breivik. Han har brukt lys granitt frå Yantai-provinsen i Kina. Tinghella, Tingveggen og Eldsirkelen fortel om vatn, eld og skydd, og er i følgje tidlegare direktør for Nationalmuseet, Sune Nordgren, "platsspecifika och landskaparelaterade, inte underordnade, men i dialog med platsen".

ELDSIRKELEN «Eldsirkelen» er den runde flata i stein som du ser til venstre når du kjem inn i parken. Kunstverket er laga av granitt frå Yantai. Her kan ein fyre opp bål og varme seg når det er arrangement på Tusenårsstaden Gulatinget, akkurat slik ein tenkjer seg at vart gjort på tinget i mellomalderen og vikingtid.

KVERNBIT På den vesle høgda til venstre over Eldsirkelen finn ein Kvernbit – ein skulptur av eit sverd som kløyver ein kvernstein. Denne er ei gåve frå Kvernsteinsparken i Hyllestad. Den syner til Snorresagaen som fortel om Håkon den Gode sitt sverd ”Kvernbit” som var så sterkt at han med det ”kløyvde ein kvernstein inn til auget”. Rundt ser ein kvernsteinsemne. Det er ein forbindelse mellom Gulatinget og Kvernsteinsbrotet i Hyllestad: Dei to krossane i Eivindvik er laga i granatglimmerskifer som er akkurat same stein som kvernsteinane frå Hyllestad vart laga av. Det er difor truleg at krossane i Eivindvik er tekne ut i steinbrotet i Hyllestad.

TINGVEGGEN Gå vidare på stien mot hovudkunstverket på Tusenårsstaden, den majestetiske «Tingveggen». I dei fint hogde relieffa kan ein få auge på både kors og sverd som peikar mot innføringa av kristendommen.

BADEVIK Ta til venstre på stien før du kjem til Tingveggen. Ta til venstre ein gong til og gå ned til badevika mot aust. Denne har blitt rydda, og tilkomstveg til sjø er opparbeida. Dette gjer det mogeleg å kunne køyre ned til sjøen for å setje ut kano og kajakk i samband med aktivitetsdagar for barn og unge.

AKTIVITETAR Tusenårsstaden Gulatinget skal vere ein stad å samlast, drøfte saker, oppleve kunst og kultur, leike og lære. Det var ikkje berre drøftingar og tvistemål på Gulatinget i mellomalderen, men også marknad, folkefest, spel og leik. Tusenårsstaden Gulatinget er ein moderne tingstad. Her er det og høve til leik og spel frå vår eigen tid. Gå tilbake og følg stien bak Tingeveggen forbi både ei bocciabane og ei sandvolleyballbane.

Vikingane hadde fleire spel. Dei hadde terningspel, sjakkspel, og andre brettspel. Dei hadde tevlingar med løft og kast, og målte styrke med kvarandre. I vår tid har vi ulike kulespel ein kan spele på ein slik bane som dette. I sør Europa er det spesielt populært å kaste kuler. ”Petanque”, ”Boulé” og ”Boccia” finn ein gjerne i Italia og Frankrike. Desse spela har etter kvart blitt populære også her fordi alle kan være med å spele.

Sandvolleyballbane skal ha den beste sanden i Sogn og Fjordane og held internasjonale mål.

TINGHELLA Gå tilbake på framsida av Tingveggen. Her ligg «Tinghella» som er utforma som ei scene eller forhøgning i landskapet. «Lokket» på Tinghella illustrerer kvifor Breivik arbeider med granitt frå Yantai-brotet: Tinghella er 21,60m x 7,60m og er teken ut i eitt stykke! Om du går opp på den vil du sjå ei marmoråre som går gjennom heile steinen frå vest til aust. Slike store flater med rett granitt har vi ikkje i Noreg. Steinen vart delt opp for å kunne transporterast til Noreg.

Løypa vart først oppretta mai 2015.