KONSERT MED KVARTS

Det har gått over 25 år sidan Kvarts spela dei fyrste tonane saman. Sidan fyrste konserten i 1998 og fram til i dag har kvartetten sett tydelege spor etter seg i norsk musikkliv. Både som kvartett,...
This activity is completed or marked as expired
20.Apr
-
9:00pm

Details

Det har gått over 25 år sidan Kvarts spela dei fyrste tonane saman. Sidan fyrste konserten i 1998 og fram til i dag har kvartetten sett tydelege spor etter seg i norsk musikkliv. Både som kvartett, og i samarbeid med andre musikarar og ensemble har Kvarts brukt tradisjonsmusikken som basis for det kunstnariske virket.

Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten. 25 år på vegen har resultert i mange musikalske samarbeidsprosjekt, mellom andre med Kringkastingsorkestret, Kristiansand symfoniorkester, Trondheimsolistene, Jonas Fjeld og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Kvarts har også fått to Spellemannprisar. Dei har gjeve ut 12 cd-produksjonar, der den nyaste ,«Til dans» vart lansert i desember 2023.

Kvarts har også skrive musikk til ei rekkje tingingsverk, mellom anna for Vossa Jazz, Folkemusikkveka og Rikskonsertene, og har opp gjennom åra medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og har turnert i inn- og utland, mellom anna i USA, Spania og Tyskland.

Practical

Enjoy code: 436704
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.