Konsert med Finn Tokvam, Olav Stedje og Odd-Erik Lothe "Summetonar"

Våren 2023 kom Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam ut med sitt første album "Summetonar" saman. Fellesprosjektet til desse tre karane var å laga eit album med utgangspunkt i kor dei kjem...
This activity is completed or marked as expired
22.Sep
2023
7:30pm

Details

Våren 2023 kom Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam ut med sitt første album "Summetonar" saman. Fellesprosjektet til desse tre karane var å laga eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå; den geografisk og musikalske fellesskapen. Musikken inneheld poetiske hyllester, via sjølvransakande erkjenningar til absurde forteljingar. Frå nærleik til fråvere. I det lokale søkjer dei det universelle, kjærleiken, lengten og livet.

  1. september kjem dei til oss på Radøy, på Samfunnshuset "Skogen" på Sletta.

I tillegg til konserten vert det open pub, og moglegheit for å ta seg ein svingom etter konserten.

Arrangementet er ved Radøy mållag og Samfunnshuset "Skogen" Sletta, og inngår som ein del av nynorskdagane i Alver kommune

Aldersgrense 18 år.

Billettpris 350,-

Sett av kvelden, og få deg ei fin konsertoppleving med kjente og kjære!

Practical

Enjoy code: 600095
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.