Konsert med 1991

I ei elegant innpakking viser bandet 1991 at bergensbølgja aldri var heilt ferdig med å skylje godt innover det norske musikklandskapet. 1991 har base i Bergen, men tar med seg råskapen frå Sogn og...
This activity is completed or marked as expired
30.des
2023
kl 21:30

Details

I ei elegant innpakking viser bandet 1991 at bergensbølgja aldri var heilt ferdig med å skylje godt innover det norske musikklandskapet. 1991 har base i Bergen, men tar med seg råskapen frå Sogn og Fjordane. Bandet har allereie markert seg med singelen “Hodet over vann”, som gjekk rett inn på spelelistene i NRK P3 og P13. 8. desember kjem singelslepp nr. to. 1991 har spelt på dei mest prestisjetunge musikklubbane i Bergen, som Hulen, Madam Felle og Victoria Café & Pub, og jungeltelegrafen har allereie begynt å melde om at rocken er så langt, så langt frå død! Musikken kan seiast å være ei blanding av stadionrock og skandinavisk vestkyst-rock inspirert av store 90-talsheltar som Smashing Pumpkins, Nirvana, Dum Dum Boys og Oasis. Låtane rommar store gitar-riff, fengjande vokal-linjer og apellerer til eit breitt publikum, utan at det går ut over den musikalske integriteten. 1991 er kort og godt eit svinbra og allsidig liveband med stor sjangerbreidde og scenesjarm. (Bandet består av) Torkel Eikevik - vokal og gitar, Severin Sandvik - trommer, Sander Solaas - gitar og Stian Brungot - bass

Practical

Enjoy code: 758890
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.