Konsert Berit Opheim og Sigbjørn Apeland

Berit Opheim og Sigbjørn Apeland har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 19. mars kl 18.30 Berit (song) og Sigbjørn (orgel) har samarbeida i ulike musikalske prosjekt dei siste 30 åra med...
This activity is completed or marked as expired
19.Mar
2023
6:30pm

Details

Berit Opheim og Sigbjørn Apeland har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 19. mars kl 18.30

Berit (song) og Sigbjørn (orgel) har samarbeida i ulike musikalske prosjekt dei siste 30 åra med konsertar og innspelingar, og Velsigna er dagen er deira andre duoalbum. Albumet Den blide sol kom ut i 2008 og vart nominert til Spellemannsprisen det året. Begge desse albuma inneheld berre religiøse folketonar i eigne arrangement, og improvisasjonar.

Velsigna er dagen inneheld religiøse folketonar frå Vossabygdene som Berit har funne fram frå eldre lydopptak og notenedskrifter. Salmetekstane er stort sett skrivne av kjende salmediktarar men dei fleste melodiane har lenge vore ubrukte. Det er no avdøde songkjelder som har forvalta denne songtradisjonen og her er det melodiske perler på rekkje og rad.

Det er ei stor glede å få presentere dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er med stor takksemd til dei som forvalta og song desse folketonane me formidlar dei vidare.

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Practical

Enjoy code: 398010
Type
Concert
Target groups
Youth, Adult
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.